Da holocaust ​kom til Sør-Fron

Historia om familien Karpol

Far og son

Far Gerson og sonen ​Samuel i slåttonna.

Av dei 1400 jødane ein kjenner til var i Noreg da ​krigen braut ut, hadde fleire tilknyting til ​Gudbrandsdalen. Berre éin familie var bufaste: ​Familien Karpol frå Harpefoss.


Vi er ikkje sikre på akkurat når familien kom til ​Noreg frå Libau i Litauen. Men den eldste ungen ​vart fødd i Christiania i 1899, så vi veit at dei var ​etablerte der alt da. Den fyrste registreringa i ei ​menigheit gjorde familien i 1897. Ein kan såleis tru ​at familien kom til Noreg på 1890-talet, etter dei ​store pogromane mot jødar i Aust-Europa.


Faren, Gerson Karpol, var fødd i Plomjan i Litauen. ​Mora, Jette, var fødd i byen Klikol i det same ​området.


Alle dei tre ungane i ​familien var fødde i ​Noreg: Eldstedottera ​Klara Elka i Christiania i ​1899, Samuel i ​Drammen i 1901 og den ​yngste, Esther, i ​Krødsherad i 1903.


Etter dei fyrste åra på Austlandet, budde dei ei tid i ​Romsdalen. Så busette dei seg i Skurdalsbrenna, i ​Baukhols-grenda, Harpefoss, i 1918.


Våningshuset kom med tog frå Romsdalen fyrst på ​30-talet. Dei dreiv tre landbrukseigedomar i Sør-​Fron da krigen braut ut i 1940.


Karpolfamilien blir omtala som godt integrerte i ​bygdesamfunnet. Dei var dyktige og driftige folk.



He​imen

Bruket Skurdalsbrenna ​på Harpefoss, der ​familien Karpol budde.


Dei tre Karpol-søskna

Klara

Fødd 1899

Samuel

Fødd 1901

Esther

Fødd 1903

Klara Karpol

Klara var fødd i 1899 i Kristiania og ​fekk ein del skulegang, truleg eksamen ​artium, før ho kom til Sør-Fron i 1918.


På 1920-talet etablerte faren butikk på ​Sandbu i Ruste, som Klara styrte. Dei ​leigde eit hus på Sandbu, med butikk i ​fyrste høgda og bustad i andre. Bror til ​Klara, Samuel, budde og i Sandbu ei tid.


Elida Brånå (f. Sandbu) minnest ​butikken. Det var kolonialbutikk, men ​der var og sko, klede og stoff. Elida, ​som berre var småjente då, hugsa at dei ​hadde så rar ei vekt. Til småjenta vanka ​det stundom drops og andre godsaker.



Klara arbeidde ein periode på kontoret ​ved Vinstra Ysteri, og ho hadde også ​kontorpost i Oslo ei tid. Ho var da ​handarbeidslærar.


Midt på 1930-talet underviste ho ​ungdom i grenda i engelsk. Ho budde i ​ei lita stugu for seg sjølv i ​Skurdalsbrenna.


Mange eldre minnest enno Klara som ei ​dyktig, venleg og hjelpsam dame. Det ​finst att ei mappa med utklipp og ​handarbeidsoppskrifter etter Klara. ​Denne vart seld på auksjonen i ​Skurdalsbrenna i februar 1943.


Samuel “Sam” Karpol

Samuel var fødd i Drammen i 1901, ​fekk noko skulegang, men las seg til ​mykje kunnskap på eiga hand. Han var ​17 år gamal då familien flytta til Sør-​Fron.


Han vart snart aktiv på mange område i ​grenda og bygda. Han tok fiolin-​undervising, var med i ungdomslag og ​idrettslag, og song i kor. Han var i ​mange år korrespondent for avisa ​«Laagen» som kom ut i Lillehammer. ​Han refererte frå kommunestyret, og ​var sjølv medlem der ei periode. Då han ​vart myndig, skøytte faren bruket over ​på Samuel.




I grenda vart han omtala som Sam. Han ​var ein populær kar, ingen ekspert i ​praktisk jordbruk og fehald, men svært ​arbeidssam. Det han ikkje kunne som ​jordbrukar, tok han att på andre felt, ​som i rekneskap og juss.


Han var ofte brukt av småbrukarar i ​grenda i alt som hadde med papirarbeid ​å gjere. Han kunne og gje råd i juridiske ​spørsmål. Sam hadde skrivemaskin, og ​hjelpte folk med korrespondanse.


Han hadde fleire hestar som han leigde ​ut. Stundom tok han og på seg ​køyreoppdrag med hest og reiskap.



Arrow Right Glyph

Sør-Fron herredsstyre avbilda i ​mellomkrigstida. Samuel Karpol på ​bakerste rad.

Arrow Right Glyph

Skurdal mannskor, der Samuel var med, saman ​med fleire av dei som seinare vart framtredande ​NS-medlemar i bygda.

Esther Karpol

Esther var den yngste av Karpol-​ungane, fødd i Krødsherad i 1903. Ho ​fekk utdanning som sjukesyster. I ​mange år var ho styrar av Jødisk ​Barnehjem i Oslo. Når ho var heime på ​besøk i Skurdals-brenna, vart ho ofte ​konsultert når nokon – spesielt born – ​var sjuke. Fleire eldre i grenda fortel:

«Ho mor tok meg med til Esther ein ​gong eg var sjuk».


Esther fekk eit spesielt nært forhold til ​naboane i Nordli. Vesle Ruth (gift ​Korstad, f. 1936) vart Esther sin ​yndling. Esther kom ofte ned i Nordli ​og bad Ruth med opp i Karpol-heimen. ​«Du er jenta mi, du!» kunne Esther ​seie.





Ruth minnest at dei song saman: «Du ​og jeg og vi to seilte i en tresko», og ​andre barnesongar.


Sør-Fron kommune har ein ​porselenskopp og leiker som Ruth fekk ​av Esther. Syster til Ruth, Oddrun (gift ​Vik, f. 1930) minnest at ho var med ​Esther og Klara på setra deira på Gålå.

Folk minnest at Klara og Esther tala ​med mor si på deira eige språk, jiddisch ​eller russisk. Men dei to var fullt og ​heilt norsk-språklege. Mor Jette tala ​mest ikkje eit ord norsk, medan far ​Gerson hadde sin eigen, litt ​gamalmodige variant av norsk bymål.




Sommar og smil

Mor Jette med døtrene og ​vener sommaren 1942.

Sommar og smil 2

Far Gerson i onna med ​vener frå Oslo, sommaren ​1942.

I 1942 budde alle ​ungane heime på Sør-​Fron, da mor og far ​begynte å bli gamle og ​trengte pleiehjelp.

Jødane og nazismen

Alt på 1930-talet laga tyske styresmakter oversyn ​over jødane i Europa – også i Noreg.


Hindu Religious Symbol

Det var fyrst etter utbrotet av andre verdskrigen at ​jødane her verkeleg vart sett under press. ​Dokument frå Statspolitiet fortel at tyskarane jobba ​iherdig med å kartleggje og skaffe seg oversyn over ​jødiske bedrifter, synagogar og foreiningar rundt ​om i landet.


Dei fyrste krigsåra fekk jødane stort sett leva som ​før – truleg for å unngå at dei skulle skaffe seg ​sympati blant andre nordmenn.


Hausten 1942 tok nazistane steget fullt ut også ​overfor dei norske jødane. Da vart det sett i verk to ​tiltak for jødane:



Det fyrste var at alle jødar måtte ​møte opp på næraste ​lensmannskontor for å få ein J ​stempla i legitimasjonspapira sine.


Dei bestemte og at alle jødar skulle ​svare på eit spørjeskjema, for å få ​betre oversyn over jødane. Såleis ​fekk tyskarane kunnskap om at det ​budde om lag 1.400 jødar her i ​landet.





Passet

Klara Karpol sitt pass, ​stempla med raud “J”.

Jødeaksjonen ​hausten 1942

Aksjonen mot dei norske jødane ​kom i stand etter ordre frå det tyske ​Sikkerheitspolitiet (Sipo) til sjefen ​for det norske Statspolitiet, Karl A. ​Marthinsen.

Instruksen om arrestasjon ​av alle norske jødar.

I Oslo, der det budde flest jødar under krigen, var ​det Statspolitiet og Germanske SS Norge som stod ​for arrestasjonane. I resten av landet var det vanleg ​norsk politi/ lensmann som utførte arrestasjonane.


6. og 7. oktober vart alle mannlege jødar i ​Trondheim arresterte. 26.oktober vart det aksjonert ​i resten av landet.


I Fron var det nazi-lensmann Hammer som ​gjennomførte arrestasjonane 26. oktober saman ​med andre NS-medlemmar.


Dark Skies

På natta den 26. oktober vart familien Karpol vekt av ​nazi-lensmann Hammer i Sør-Fron. Han kom saman med ​to framande menn for å hente dei.


DåSamuel vart teken av nazistane, sa han til naboane i ​Nordli idet han vart ført forbi der:







Folket i Nordli visste om Sam sine ryggplager, og forstod ​godt ironien i det han sa. Men dei kunne aldri førestille ​seg den lagnaden som venta han.


«No skal dei visst gjere ​meg god att i ryggen!»

Dark Skies

Saman med faren vart Samuel frakta til Lillehammer. ​Gerson hadde dårleg helse og såg dårleg. Framme på ​Lillehammer ba Gerson om legehjelp, noko han ikkje ​fekk. Han vart sendt heim til Sør-Fron i staden for å bli ​sendt vidare til Oslo.


Samuel vart sendt vidare, - og det var siste gong far og ​son Karpol såg kvarandre. Saman med andre mannlege ​jødar som vart tekne i «Jødeaksjonen», vart Samuel ført ​til Berg arbeidsleir i Vestfold, og den 26. november til ​Oslo og fangetransport-skipet «Donau».


Fyrst fjorten dagar etterpå vart Klara og Esther arresterte ​av lensmann Hammer og sendt til Oslo.


Den siste ferda


Den 26. november 1942 sto fangeskipet ​D/S Donau ut Oslofjorden. Om bord var ​532 norske jødar, deriblant Samuel, ​Klara og Esther Karpol frå Harpefoss.



302

menn,

18​8

kv​inner og

42​

barn vart sendt til ​Auschwitz i Polen. Berre

9

jødiske menn overlevde

30. november ankom skipet Stettin, og ​frå der vart jødane sendt vidare med tog ​til Auschwitz. Dei som nazistane fann ​skikka til arbeid, vart sendte i arbeidsleir, ​medan kvinner, barn og eldre – i alt 346 ​personar – vart sendt rett i ​gasskammeret.


Namna til systrene Klara og Ester finn vi ​att i protokollane i Auschwitz, med ​dødsdato 1. desember 1942.


I alt 186 menn i alderen ca. 15 til 50 år ​vart registrerte som arbeidsdyktige ​fangar, og fekk fangenummer frå 79064 ​til 79249.


Sam Karpol fekk fangenummer

Han døydde 13. januar 1943.




79159.

Dei som var att

Etter 26. oktober-aksjonen, sat Jette og ​Gerson Karpol att aleine på Skurdalsbrenna.


Ny arrestasjon

I januar 1943 kom lensmann ​Hammer attende for å ​arrestere dei og sende dei åt ​Lillehammer. Dei to gamle ​var da såpass dårlege at det ​vart sendt bod på sjukekorg ​til å frakte dei i.


Dei vart sendte vidare åt ​Oslo, der Gerson ​sannsynlegvis sat på ​Bredtvedt.



Til sjukehus

Den 25. februar 1943 skulle ​dei transporterast til ​konsentrasjonsleir med ​fangeskipet ”Gotenland”.

Men dei slapp unna. På ​grunn av koldbrann i ein fot ​vart Gerson sendt attende åt ​eit sjukehus.


Også Jette vart innlagt på ​sjukehus i staden for å bli ​sendt til konsentrasjonsleir.




Dei gamle døyr

Dei var båe ei tid innlagt på ​Jødisk Aldershjem i Oslo, før ​dei vart sendte attende åt ​Hundorp og gamleheimen ​der.


Både Gerson og Jette døydde ​i 1947.




Men å miste dei tre barna ​var ikkje den einaste ​uretten dei to gamle måtte ​gjennom før dei fekk fred.

For å sikre at staten fekk hand om ​jødisk eigedom, vedtok Nasjonal ​Samling si regjering ”Lov om ​inndraging av formue som tilhører ​jøder” 26. oktober 1942.


Mykje av dette vart sidan selt på ​auksjonar. Den 26. oktober 1942, ​same dag som jødeaksjonane var i ​gang og Samuel og Gerson Karpol ​vart arresterte, vedtok Nasjonal ​Samling lova.


Auksjonen

Eit av dei mørkaste kapitla om jødane sin skjebne i ​Gudbrandsdalen, var da halve sørfronsbygda var ​samla i mars 1943 for å by på gjenstandane etter ​familien Karpol.


Dette skjedde medan Jette og Gerson framleis var i ​live. Alt familien eigde vart auksjonert bort. Mellom ​anna vart sølvtøyet kjøpt av daverande ordførar ​Aksel Bjerke og deponert i kvelvet til Sør-Fron ​Sparebank. Sølvtøyet har aldri dukka opp att.



Dømt for landssvik

Sjølv om Karpol-familien i Sør-Fron var godt ​integrerte, blir det peikt på at dei alltid var ”litt ​annleis”. Noko utbreidd rasisme var det nok ikkje ​prat om i Sør-Fron. Svært få, om nokon, kunne i ​1942 veta kva for skjebne som venta dei tre Karpol-​syskena da dei vart arresterte.


Lensmann Hammer vart etter krigen dømt for ​landssvik. Nokre meinte dommen var mild for å ha ​medverka til minst tre tapte liv.


Men det er og fortalt at sume sa:

“Dei var nå berre jødar”.

…vi må stadig passe ​på så vi ikkje ​snublar og fell – og ​rett og slett går oss ​vill.*


I mai 2018 vart det lagt ned snublesteinar over Esther, ​Samuel og Klara Karpol ved kommunehuset i Sør-Fron.


Steinane blir støypt ned i fortauet på stader der jødar ​eller andre ofre for nazismen budde eller arbeidde fram ​til dei vart deportert og drept.


* Ordførar i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen

Du kan lese meir om det ​internasjonale ​snublesteinprosjektet på ​nettstaden snublestein.no, ei ​database over minnesmerka.


Vi skal ikkje gløyme

Ifølgje jødisk tradisjon døyr eit ​menneske to gonger – fyrst ved jordleg ​bortgang, deretter når namnet blir ​sagt eller tenkt for siste gong.

Ved å fortelje historia om familien Karpol og deira ​skjebne, held vi liv i minnet deira, og prøver å bøte ​på den uretten som vart gjort mot dei. Målet er at ​desse namna aldri skal bli gløymt:


Gerson Karpol. Jette Karpol. Klara Karpol. Samuel ​Karpol. Esther Karpol.


  • Tore Pryser: ”Holocaust i ​Innlandet” i Johansen, Per ​Ole: ”På siden av ​rettsoppgjøret”, 2006
  • Tore Pryser: ”Jødeaksjonen ​i Fron”, Fronsbygdin, 2007
  • Kristian Ottosen: ”I slik en ​natt”, 2008
  • Riksarkivet, Jøder i Norge: ​http://www.arkivverket.no


Kjelder:

  • Wallin-Weihe, Smith-​Solbakken og Dessingue: ​”The Invisible Jews of ​Gudbrandsdalen and ​Lillehammer” i ”Etter ​Lemkin” nr. 1, 2010
  • Kjartan Ruset: "Da holocaust ​kom til Fron", Fronsbygdin ​2014
  • Bjarte Bruland: "Holocaust i ​Norge", 2017
  • Synne Corell: ​"Likvidasjonen", 2021

Vi ønskjer å gjere ​kulturarven levande.

Ta kontakt med oss, eller følg oss på sosiale medium

telefon

61 29 90 00

E-post

postmottak@sor-fron.kommune.no

Social

@sorfronkommune